Aktivitet 3.4.8 – Rekrutteringsprosessen 2

Fordjuping

Nettbutikken Supertech AS ser at dei må tilsetje ein ny medarbeidar for å ta seg av nokre av dei administrative rutinane. Dei kan tenkje seg å tilsetje ein elev som går på Service og samferdsel, og som kan jobbe to kveldar per veke.

Vurder kva for administrative rutinar ein elev som går på Service og samferdsel, kan utføre. Utarbeid ein annonse ut frå krava vi tidlegare har drøfta. Finn sjølv på opplysningar som du meiner er viktige å ha med, og som du ikkje finn i Marknadsføring og sal.

Gjennomfør rekrutteringsprosessen på same måten som i oppgåve 3.3.3.