Aktivitet 3.1.7 – Verdier i klasserommet

Gruppeoppgåve

De skal gjennomføre planleggingsfasen i sikkerheitsprosjektering for verdiar som finst i klasserommet. Her kan de ta med inntil ti verdiar. Kikk dykk nøye rundt, for også i taket og på veggene kan det vere verdiar. Er det vanskeleg å finne verdiar, kan også litt mindre verdifulle ting takast med. Finst det fleire ting som er like, skal dei reknast som éin verdi.

  1. Kva for tre aktivitetar inngår i planleggingsfasen?
  2. Bruk skjema for planleggingsfasen, og gjennomfør alle dei tre aktivitetane.
  3. Ranger verdiane i rekkefølgje frå «mest verdifull» til «minst verdifull».
  4. Undersøk på nettet kva verdiane kostar. Set opp verdiane i eit rekneark.
    Legg saman og sjå kva verdiane de valde, faktisk kostar. Høyrest det lite eller mykje ut?
  5. Presenter resultata dykkar for klassen, og grunngi vurderingane de har gjort.