Aktivitet 3.1.7 – Forståelig språk

Problemløysing

I samtale med kundar gjeld det å bruke eit språk som kunden forstår. Dersom vi meiner at det er nødvendig å bruke tekniske uttrykk, bør vi forklare kva desse uttrykka tyder.

Nedanfor gir vi att nokre skildringar av produkt. Sjå på desse med eit kritisk blikk og avgjer om det er godt eller dårleg språk slik kunden ser det.

Grunngi svara.

  1. Dette kompakte kameraet frå Panasonic er ein kombinasjon av klassisk design og 4K-kvalitet. Kameraet har Digital Live MOS-sensor med 16 megapikslar og avansert Venus-teknologi. Det blir levert i videokvalitet i 3840 x 2160 med 25p og 24p i full HD 1920 x 1080.
  2. Denne automatiske grillreinsaren er utstyrt med tre kraftige motorar og metallbørstar som klarer jobben raskt og effektivt. Du treng berre å trykkje på knappen, leggje lokket på grillen og la Grillbot gjere jobben for deg. Han kan nyttast på alle grilltypar som har lokk uansett om grillen går på elektrisitet, gass eller kol.
  3. Desse leppestiftane frå IsaDora har ein kremliknande konsistens og gir leppene fylde, glans og ein lett farge. Dei er også nærande og kjennest nesten som ein leppepomade. Hyaluronsyre og kollagen gir leppene ekstra fylde. Den praktiske pennen gjer det lett å leggje han på.
  4. Dette motorsykkeldekket har eit eineståande veggrep og lang haldbarheit. Det har eit innovativt nytt mønster med forbetra sporvinklar. Utforminga Interconnecting Groove Tread sikrar rask og effektiv drenering av vatn for å halde ved lag veggrep og handtering. Gummiblandinga er resultat av revolusjonerande nanoteknologi. Det avanserte MultiTread-materialet er spesielt motstandsdyktig mot slitasje og inneheld ei unik blanding av tre polymerar med ei silikatblanding med høg spreiing.