Aktivitet 9.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar omgrepet verdikjede og modellen til Porter. Verdikjeda er nemninga på alle aktivitetar som er nødvendige for å produsere og selje varer og tenester, og som er med på å skape verdiar for både verksemda og kundane.
  2. Kvar startar verdikjeda, og kvar sluttar ho? Verdikjeda startar hos produsenten og sluttar i butikken der kunden kjøper produktet.
  3. Kor mange ledd er det i verdikjeda for dronane som Supertech tilbyr? Verdikjeda består av fire ledd.
  4. Kva er formålet med å analysere verdikjeda? Ved å analysere verdikjeda for eit produkt kan vi finne ut korleis vi kan skape mest mogleg verdi med færrast moglege kostnader.
  5. Forklar omgrepet fortenestemargin. Fortenestemarginen er differansen mellom verdien som blir skapt i verksemda, og kostnadene som kjem til ved å skape desse verdiane.