Fra øst til vest på 17 dager

God logistikk vil seie å bringe varer frå A til B raskast mogleg og til lågast mogleg pris. Og vil kan leggje til: med minst mogleg miljøpåverknad.

Den kinesiske bedrifta Wilo SE, som held til i Qinhuangdao, ikkje så langt frå Beijing, produserer pumper og pumpesystem som dei leverer til kundar over heile verda. I november 2015 skulle dei levere pumper til eit anlegg i Dortmund i Tyskland. Og det hasta. Skulle varene sendast med båt, ville det ta frå 38 til 45 dagar, og det var altfor lang tid. Skulle varene sendast med fly, ville frakta bli altfor dyr. Dessutan er flytransport eit lite miljøvennleg alternativ.

Løysinga vart å sende pumpene med tog. Det er nemleg togsamband frå Kina og heilt til Tyskland, og dessutan vidare opp til Noreg. Varene frå fabrikken vart først frakta med lastebil dei 1000 kilometerane til byen Zhengzhou. Der vart varene lasta inn i ein konteinar, og reisa langs det som blir kalla den nye Silkevegen, kunne starte. Ruta gjekk gjennom Kina og Kasakhstan og deretter gjennom Russland og Kviterussland, Polen og til Hamburg, der varene vart fortolla. Transporten derfrå til Dortmund gjekk med lastebil.

Den lange reisa på 11 000 kilometer tok berre 17 dagar, godt under halvparten av tida som ein båt ville ha brukt. Og det tyske selskapet fekk varene i tide slik at ikkje anleggsarbeidet stoppa opp.