Aktivitet 9.1.2 – Planlegg tur til Lofoten

Fordjuping

Du skal planleggje ein helgetur (fredag til måndag) for ein familie på to vaksne og éin ungdom. Turen skal gå tur/retur Oslo–Lofoten om sommaren. Bruk til dømes nettsida til Destination Lofoten og føreslå eit heilskapleg reiselivsprodukt som du trur familien vil vere fornøgd med. Forklar også kvifor du meiner familien vil bli fornøgd med reiselivsproduktet du føreslår.