Kva for ei lov skal sikre eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø?
Arbeidsmiljølova.
Kva for kapittel i lova er viktige for HMS-arbeidet?
Kapitla 2, 3, 4, 6 og 7.
Kan nokon la vere å følgje reglane i lova?
Nei.
Kven blir rekna for å vere arbeidsgivar i ei verksemd?
Den som eig verksemda.
Kva ansvar har den øvste leiaren i arbeidet med HMS?
Leiaren skal sørgje for opplæring av dei tilsette innanfor HMS, dokumentere at opplæring er gjennomført og bestått, sjå til at HMS-arbeidet skjer systematisk og jamleg, dokumentere at HMS-arbeidet er ein integrert del av dei daglege rutinane i verksemda, sørgje for at reglane i arbeidsmiljølova blir følgde.
Kva står forkortinga IA for?
Inkluderande arbeidsliv.
Kvifor vart IA eit omgrep i år 2000?
Sjukefråværet og talet på uføre auka kraftig på 1990-talet.
Kvifor er det viktig for samfunnet at vi har eit IA?
For å kunne halde på dei gode velferdsordningane vi har i Noreg, er det viktig at så mange som mogleg er i jobb og betaler skatt. Så sant arbeidsforholda er gode, er eit det også godt for helsa å vere i jobb.
Kva er dei tre viktigaste måla i den sentrale delen av IA-avtalen?
Det er (1) å redusere sjukefråværet, (2) å auke prosentdelen av tilsette med redusert arbeidsevne i arbeidslivet, (3) å auke yrkesaktivitet for eldre arbeidstakarar.
Kva fordelar inneber den lokale delen av IA-avtalen for verksemder?
Han gir ekstra ressursar frå NAV og gir rett til å kalle seg IA-bedrift.
Kva må ei ungdomsbedrift gjere for å bli ei IA-bedrift?
Dei må (1) setje seg mål for HMS-arbeidet i bedrifta, (2) lage rutinar for oppfølging av fråvær, (3) lage ein handlingsplan for HMS-arbeidet i bedrifta.
Kva betyr Human Resource?
Det betyr menneskeleg ressurs og blir forkorta HR.
Kva arbeidsoppgåver har ei HR-avdeling?
Dei skal setje trivsel og miljø i fokus. Dei skal lage gode og enkle rutinar innanfor område som rekruttering, introduksjon, oppseiing, avskjed, medarbeidarsamtalar, arbeidsmiljøutval, lagarbeid, oppfølging av sjukefråvær, lønnsfastsetjing og kompetanseutvikling.