Aktivitet 5.4.4 – Budsjettkontroll for Olga

Fordjuping

I oppgåve 5.1.6 sette du opp budsjett for Olga etter at ho mista inntekta frå husarbeidet heime. Ho fekk eit veldig stramt budsjett som viste underskot kvar månad.

Olga var heldig og fekk jobbe litt meir i butikken. For dei tre månadene gav det henne ei inntekt på kr 5 400. Mobilabonnementet vart som i budsjettet, kr 597. Ho brukte litt mindre på klede og sko, kr 1 200, og kr 1 100 på kinobesøk.

Ho kjøpte julegåver for kr 1 850. Diverse utgifter vart kr 850.

Budsjettet for dei tre månadene såg slik ut:

Inntekter Budsjett
Lønn 3 600
Sum inntekter 3 600
Utgifter
Mobilabonnement 597
Klede, sko og div. 1 800
Kino og kafebesøk 1 500
Julegåver i desember 1 500
Diverse utgifter 900
Sum utgifter 6 297
Inntekter – Utgifter – 2 697
  1. Før inn budsjett og rekneskap, og finn ut kvar det viser positive eller negative avvik. Kommenter dei positive og negative avvika.
  2. Kva vart resultatet for desse tre månadene?