Aktivitet 11.6.3 – Kjønnsdiskriminerende reklame

Problemløysing

Vurder og avgjer om desse reklamane er i strid med lova. Vis til paragrafar.

  1. Tele2 hadde ein gong ein annonse som viste ei brystfager og lettkledd kvinne. I annonsen stod det: «Selv om hjernen ikke er mitt største organ, har jeg klart å få lavere telefonregning.»
  2. Ein solbrillereklame frå Synsam viste ein mann med solbriller som slappar av ved kanten av eit badebasseng. Han ser opp på ei kvinne i høghæla sko som er avbilda bakfrå, slik at ein berre ser leggene og låra hennar.
  3. Ein reklamefilm for AS Norske Shell viste ein mann som syklar i berre jakke og truse til ein Shell bensinstasjon om morgonen for å kjøpe ferskt brød. Han skal overraske kjærasten med frukost på senga. Mannen lagar til maten på eit brett og går naken inn på soverommet. Han er filma bakfrå. I døra oppdagar han at kjærasten i mellomtida har fått besøk.