Aktivitet 4.2.5 – Mobbing
Fordjuping
- Kva legg du i omgrepet mobbing?
- Kjenner du til at det skjer eller har skjedd mobbing på skolen eller i sosiale medium?
- Dersom ja på spørsmål b: Kva har du og andre på skolen gjort for å stanse mobbinga?
Dersom nei på spørsmål b: Kva har skolen gjort for å hindre mobbing?
- Kva er skilnaden på erting og mobbing?
- Kvar høyrer mobbing heime etter HMS-omgrepet?
- Lag klassereglar som gjeld mobbing, både på skolen og på nettet. Heng dei opp i klasserommet.
- Gjennomfør faste internkontrollar, til dømes i klassens time, der de går gjennom reglane og sjekkar om dei fungerer slik det var tenkt.
- Lag ein avviksrapport dersom de meiner reglane ikkje fungerer eller ikkje blir følgde.
- Vurder om reglane bør endrast, og gjer endringar om nødvendig.