Aktivitet 8.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er viktig å samanlikne når du skal skaffe leverandørar? Det er viktig å samanlikne vilkåra, som til dømes leveringstid, transportkostnader, betalingsvilkår og pris.
  2. Kva er ein utgåande faktura? Utgåande fakturaer er fakturaer verksemda sender til kundane sine.
  3. Kva er ein inngåande faktura? Inngåande fakturaer er fakturaer verksemda tek imot frå leverandørane sine.
  4. Korleis går ein kontroll av inngåande faktura føre seg? Du må sjekke om du har fått rett vare, rett pris og rett mengd. Pakksetel og ordrestadfesting må sjekkast mot fakturaen. Betalingsvilkår og rabattar (avtalar med leverandøren) må også sjekkast.
  5. Kvifor er det viktig å kontrollere fakturaer? Fordi det kan få økonomiske konsekvensar dersom noko ikkje stemmer. Det kan hende at vi betaler for mykje eller for lite.
  6. Kva for sosiale medium er det vanleg at bedrifter bruker? Mange bedrifter bruker Facebook, Twitter, Instagram, heimeside og blogg.
  7. Kva for sosiale medium er det vanleg at privatpersonar bruker? Blogg, Snapchat, LinkedIn, Facebook, Instagram
  8. Kva er eit Google-søk? Det er ei internetteneste der du kan søkje på det meste av det du lurer på. Du får som regel mange treff på kvart søk, derfor er det om å gjere å vere presis med søkjeorda.
  9. Kva råd vil du gi til ei verksemd som skal lage ei heimeside? Tenk på kven målgruppa er, kven som skal lese på heimesida. Heimesida skal framstå som seriøs og informativ. Hovudbodskapen og profilen til verksemda må komme tydeleg fram.
  10. Kva råd vil du gi til ei verksemd som skal opprette ein Facebook-profil?

    Tenk på kven målgruppa er. Legg inn ein teaser som er lenkja til heimesida dersom du har ei heimeside. Fortel om arrangement og ting som skal skje, slik at dei går inn på heimesida for å lese meir.

    I samanheng med spørsmåla om bruk av sosiale medium kan eit tips vere å høyre med elevane om

    1. kva for sosiale medium dei bruker mest sjølv
    2. når dei bruker google

    Det kan også vere smart å be elevane ta ulike googlesøk og sjå kor mange treff dei får, ut frå den tekststrengen dei vel å skrive inn i søkjefeltet. Ei bevisstgjering om å avgrense søka ved å ha presise formuleringar i søkjefeltet kan vere motiverande. Dei ser sjølv kor nyttig det er.