Aktivitet 1.1.3 – Avansert søk

Problemløysing

Bruk søkjemotoren til Google og skriv service i søkjefeltet. Under «Innstillinger» vel du «Avansert søk». Her blir du leidd gjennom filtreringsverktøya.

Du kan også søkje på tal, og du kan søkje på ulike språk, datoar og filtypar.

Gjer det slik:

  1. Finn ut kvar du kan få service på ein Dell-PC?
  2. Finn ut kva ordtaket «brent barn skyr elden» betyr.
  3. Finn overnattingsmoglegheiter utanom hotell i Tromsø.
  4. Finn eit bilete av eit lite fjelltelt.

Når du har lært deg å bruke søkjemotorane, kan du bruke dei når du skriv oppgåver på skolen. Du kan også bruke dei når du skal finne på ting saman med venner eller held på med hobbyane dine.