Forklar omgrepet likviditet.
Likviditet betyr betalingsevne, det vil seie å ha pengar slik at ein kan betale til rett tid.
Kva er eit likviditetsbudsjett?
Likviditetsbudsjettet viser planlagde innbetalingar og utbetalingar for ein kommande periode. Dette kallar vi pengestraumen i verksemda.
Kva informasjon gir likviditetsbudsjettet?
Likviditetsbudsjettet viser om vi er likvide, det vil seie om vi har pengar til å betale rekningane våre til rett tid.
Kva for postar har eit likviditetsbudsjett?
Inngåande pengebehaldning, sum innbetalingar, sum utbetalingar, betalingsoverskot/-underskot og utgåande pengebehaldning.
Forklar kva ein pengestraum er.
Det er innbetalingar og utbetalingar.
Kva er skilnaden på innbetaling og utbetaling?
Innbetaling er pengar inn til verksemda, og utbetaling er pengar ut frå verksemda.
Kva er skilnaden på inntekt og innbetaling?
Inntekt har vi når vi sel varer, mens innbetaling har vi når kunden betaler vara. Ved kontantsal kjem inntekta og innbetalinga samstundes. Ved kredittsal kjem innbetalinga seinare enn inntekta.
Kva er skilnaden på kostnad og utbetaling?
Kostnaden oppstår etter kvart som vara eller tenesta blir «forbrukt», mens utbetalinga skjer når verksemda betaler ut pengar for vara eller tenesta.
Forklar kva inngåande pengebehaldning er.
Inngåande pengebehaldning er summen av det verksemda har av kontantar i kassa og pengar i banken i starten av ein periode.
Forklar kva utgåande pengebehaldning er.
Utgåande pengebehaldning er summen av det verksemda har av kontantar i kassa og pengar i banken i slutten av ein periode. Utgåande pengebehaldning i éin periode er inngåande pengebehaldning i neste periode.
Kva er skilnaden på betalingsoverskot og betalingsunderskot?
Ved betalingsoverskot er det større innbetaling enn utbetaling i perioden, og det er omvendt ved betalingsunderskot.