Diskusjon
På utdanning.no står denne informasjonen om IKT-servicemedarbeidaren (lenkje til sida ligg på fagnettstaden til elevane under «Ressursar»):
«Som IKT-servicemedarbeidar jobbar du med drift og brukarstøtte, opplæring og rådgiving i samband med IKT-løysingane og IKT-infrastrukturen på arbeidsplassen. Det daglege arbeidet kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass, men for ein IKT-servicefaglært er det nødvendig å ha god kjennskap til IKT-systemet i bedrifta.»
Vanlege arbeidsoppgåver for ein IKT-medarbeidar:
Utdanning.no gir meir utførleg informasjon om utdanninga og arbeidsoppgåvene til ein IKT-servicemedarbeidar.
Diskuter i klassen kva dei ulike «vanlege arbeidsoppgåvene» inneber.
På nettsida til utdanning.no er det meir informasjon om kva IKT-servicefagutdanna kan jobbe med. Diskuter kva som er viktig kompetanse i dei ulike yrka.