Aktivitet 4.3.4 – Etisk dilemma: korrupsjon eller kundepleie?

Diskusjon

Problemstilling

Saka er henta frå Visma Blogg og er skriven av Christina Østby 15. september 2014: Kor langt kan ein gå i å gi eller ta imot «kundepleie» før ein trør over grensa for ulovleg korrupsjon? Kvar går grensa mellom kva som er ein «vanleg middag» i næringslivet, og ein middag som fell inn under kategorien smørjing eller korrupsjon?

Saka galdt ein driftssjef i Ruter som var med i produktleiingsteamet. Han deltok i planlegginga av kollektivtrafikken og i utforminga av anbodsinnbydingar, og han hadde altså ein jobb som gjorde at han var involvert i innkjøp i Ruter. Mannen vart påspandert tre middagar for til saman kr 4 739 av ein leverandør som skulle gi eller hadde gitt Ruter eit tilbod.

Diskuter problemstillinga og vurder om dette kan reknast som korrupsjon eller vanleg kundepleie. Til hjelp kan de lese straffelova § 387 på lovdata.no. Når de har diskutert og eventuelt komme fram til eit svar, kan de sjekke kva retten kom fram til. Denne avgjerda finn de på Visma Blogg (visma.no/blogg/korrupsjon eller kundepleie).

Er gruppa samd med avgjerda i retten, og i så fall kvifor / kvifor ikkje?

Kva burde Ruter som arbeidsgivar ha skrive i eventuelle «Etiske retningslinjer hos Ruter» når det gjeld kundepleie?