Aktivitet 11.6.4 – Urimelig handelspraksis?

Problemløysing

Vurder og avgjer om desse reklamane er i strid med lova. Vis til paragrafar.

  1. Firmaet Immitec antydar i reklamen at CoffeeSlender har ein slankande effekt. Ein smilande brukar av produktet står fram i reklamen og fortel at ho gjekk ned frå 108 til 68 kilo etter at ho begynte å drikke CoffeeSlender kvar dag.
  2. Ei elektronikkjede reklamerer med at dei har eit kjempetilbod på TV-ar. I verkelegheita er det berre fem TV-ar i heile kjeda som er sette ned i pris, slik at det berre er dei fem første kundane som kan nytte tilbodet. Dei andre TV-ane blir selde til full pris, og butikken vil ikkje få inn fleire av dei nedsette TV-ane.
  3. I samband med ein sommarkampanje annonserte sportsbutikken Villmarkingen med nedsette prisar på ei rekkje produkt, mellom anna fjellstøvlar (jf. oppgåve 11.5.3). I annonsane eller på plakatane i butikken vart det ikkje opplyst kva før-prisen var, berre at prisane var sette ned. Men dei som ekspederte i butikken, fortalde kva før-prisen var dersom kundane spurde.