Aktivitet 3.3.5 – En salgssamtale

Problemløysing

Ein middelaldrande mann kjem inn i ein skobutikk og spør kundebehandlaren Nora om ho kan finne eit par svarte pensko i storleik 43. Vi følgjer samtalen:

Nora: Er du ute etter eit spesielt merke?
Kunde: Nei, det som betyr noko, er at skoa er gode å gå i.
Nora: Kanskje du skal prøve desse skoa av merket Rockport. Vi har berre fått positive tilbakemeldingar på dei.
Kunde: Dei er fine, men er dei ikkje litt for moderne, da?
Nora: Eg synest dei er fine, eg, og dei er mjuke og er veldig gode å gå i.
Kunde: No er eg litt i tvil.
Nora: Men desse Ecco-skoa da?
Kunde: Nei, kona mi kjøpte Ecco-sko ein gong, og dei gjekk sund etter kort tid.
Nora: Kanskje desse skoa frå Wonders kunne vere noko for deg. Det er eit spansk kvalitetsprodukt.
Kunde: Ja, dei er fine og ser veldig eksklusive ut. Og dei sit godt på foten. Kanskje jeg skulle ta dem, men vent litt. Jeg tror jeg må ha litt mer tid. Kanskje jeg skal komme tilbake en annen dag.
  1. Kva typar motførestillingar ser du her?
  2. Når burde Nora ha prøvd å avslutte salssamtalen?