Aktivitet 11.3.5 – Heving av avtalen

Problemløysing

Linn Solheim har avtalt med målarmeister Morten T. Ullerud om å få måla huset sitt. Ho skal arrangere ein sommarfest for kollegaene sine og ønskjer at huset skal vere ferdig måla i løpet av 14 dagar. Ullerud meiner at han skal klare det.

Etter at han har måla ein vegg, går det fleire dagar utan at noko skjer. Linn ringjer til målarmeisteren og spør om når han kan halde fram med arbeidet. Ho får til svar at han har så mykje å gjere at han ikkje kan seie noko tidspunkt.

Kan Linn heve avtalen?