Aktivitet 8.2.5 – Instrukser / nye rutiner for Kims Caps

Problemløysing

Kim er ikkje alltid like nøye med korleis han behandlar kundane sine, verken på telefon eller på e-post. Han har til no for det meste selt capsar til venner og kjenningar, og den sleivete og kule veremåten hans er noko dei fleste kjenner til.

Det ser likevel ut til at han er i ferd med å nå ut til ein større marknad, og han skjøner at det er nødvendig å ta nokre grep. Du må hjelpe han.

Lag ein instruks for korleis han bør opptre overfor kundane sine på

  1. telefon
  2. e-post

Instruksane skal vere direkte retta mot Kim og verksemda hans.