Aktivitet 8.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Forklar med dine eigne ord vareflyten frå produksjon til gjenvinning. Vareflyten startar i primærnæringane (jordbruk, skogbruk, fiske og fangst, utvinning) og går vidare til industrien som omdannar råvarene til ferdigvarer som formidlar varene til kjøparane sjølv eller via handelsnæringa til forbrukarane. Emballasjen rundt varene blir kjeldesortert og gjenvunnen slik at emballasjen kjem til nytte att. Det same gjeld produktavfallet vi får når vi kasserer produkt etter avslutta levetid.
  2. Kva er ein godsterminal? Ein godsterminal er ei verksemd for sortering av gods og er kjenneteikna av at det som kjem inn i dag, skal ut i dag.
  3. Kva er ein grossist? Ein grossist er ei handelsbedrift som kjøper inn varer i store kvanta og sel vidare til detaljistar i mindre einingar.
  4. Forklar vareflyten på eit grossistlager ved hjelp av ein figur. 8.1.1.jpg
  5. Kva er formålet med å surre strekkfilm rundt ferdigplukka ordrar som er samanstilte på pallar? Strekkfilmen skal førebyggje tjuveri og stabilisere pallane under transport.
  6. Nemn ulike plukkprinsipp ved lagerarbeid.
    • Haldbarheitsdato: Varene med kortast haldbarheit skal plukkast først.
    • FIFO (First-In-First-Out): Dei varene som kom først inn (dei eldste varene), skal plukkast først.
    • LIFO (Last-In-First-Out): Dei varene som kom sist inn, skal plukkast først.
  7. Kva for eit av dei tre plukk-prinsippa bruker vi når vi lastar ferdigplukka ordrar for transport? LIFO-prinsippet: Det som skal lastast av først, blir lasta inn sist.
  8. Kva må ein innkjøpsansvarleg vurdere når han skal bestemme kor mykje han skal kjøpe inn av ei vare? Han må vurdere kor mykje han skal kjøpe, for dersom han kjøper for mykje, risikerer han å måtte lagre varene lenge og i verste fall at varene går ut på dato eller blir umoderne. Kjøper han for lite, risikerer han å gå tom for varer, slik at kundane dreg til konkurrentar i staden.
  9. Ta utgangspunkt i varekrinsløpet slik dette er illustrert i figuren på side 125 i læreboka. Kva skjer med avfallskomponentar som vi ikkje kan gjenvinnast? Slike avfallskomponentar går i dag til særskilde deponi som sikrar forsvarleg lagring. Tidlegare gjekk alt avfall på fyllingar. Mange grunnareal er framleis forureina på grunn av slik deponering, og det står att mykje oppryddingsarbeid.
  10. Kva er den viktigaste skilnaden på ein terminal og eit lager? Vi sorterer varer på ein terminal for å få dei vidare så fort som mogleg, mens vi oppbevarer varer på eit lager for å kunne levere varer på kort varsel til kundar som spør etter dei.
  11. Både ein butikk og eit grossistlager oppbevarer varer. Kva vil du seie er den største skilnaden mellom rutinane på eit grossistlager og i ein butikk? Dei viktigaste skilnadene er:
    • På eit grossistlager skjer all plukk av varer (ordrar) av logistikkoperatørar. I ein butikk skjer all plukk som sjølvplukk frå kundane.
    • Eit grossistlager fakturerer som regel dei faste kundane sine med ei kredittid. Ein butikk sel varer mot kontant betaling.
    • På eit grossistlager finn vi både eit plukklager og eit mengdelager for etterfylling av plukklageret. I ein butikk finn vi som regel berre plukkreolar som fungerer som eit plukklager. Men nokre butikkar har det dei kallar for «topphyller», der dei lagrar heile kartongar av varer, slik at dei kan etterfylle på plukkplass ved behov.
  12. Kva blir konsekvensane dersom ein innkjøpar kjøper inn for mykje eller for lite av ei vare? Om ein innkjøpar kjøper inn for mykje varer i forhold til etterspurnaden, risikerer han at varene går ut på dato eller blir ukurante. Ein annan konsekvens er at han påfører verksemda auka kostnader. (Det kostar å ha varer liggjande på eit lager.) Det er også ein risiko for at lageret blir så fullt at effektiviteten på lageret blir redusert.

    Om innkjøparen kjøper inn for lite, er det risiko for inntektstap ved at kundane dreg til konkurrentar i staden. Samstundes får ein restordrar fordi verksemda må levere manglande varer på eit seinare tidspunkt, noko som fører til dobbeltarbeid både når det gjeld plukk og distribusjon. Over tid vil dette også kunne føre til eit omdømmetap dersom det blir allment kjent at ei verksemd har problem med å levere.