Aktivitet 5.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva gjer ein brannmur? Ein brannmur kontrollerer datatrafikken mellom internett og eigen maskin for å sjekke om den andre enden tilbyr nok sikkerheit.
  2. Kva gjer eit antivirusprogram? Eit antivirusprogram søkjer på maskinen etter ulike typar av skadevare og fjernar desse.
  3. Kva er passord? Passord er ein nøkkel som kan bestå av ulike tal eller bokstavar eller teikn i ei bestemt rekkjefølgje for å gi tilgang til ein ressurs.
  4. Kva er ein systemadministrator? Ein systemadministrator er ein person som har utvida fullmakter til å administrere datasystem og nettverk.
  5. Kva er ein sikkerheitskopi? Ein sikkerheitskopi er ein kopi av datafilene på ein maskin eller server som blir lagra på eit eksternt lagringsmedium.
  6. Kva er ei nettsky? Ei nettsky er ei lagringsteneste for data på ein ekstern server via internett.