Aktivitet 3.3.2 – Innvendinger, kjøpesignaler og spørreteknikker

Omgrepstesting

Forklar omgrepa innvendingar, kjøpesignal og spørjeteknikkar, og i kva fasar av salsprosessen desse omgrepa er aktuelle.

Innvendingar er argument som kunden nyttar i argumentasjonsfasen fordi han ikkje er heilt klar til å ta ei avgjerd. Kjøpesignal er teikn på at kunden er klar til å kjøpe ei vare eller teneste. Kjøpesignala kjem til syne i avslutningsfasen. Spørjeteknikkar er teknikkar som seljaren kan nytte for å hjelpe kunden til å ta ei avgjerd om eit kjøp. Teknikkane blir nytta i avslutningsfasen.