Aktivitet 5.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva meiner vi med digital lagring? Digital lagring vil seie at informasjonen er lagra elektronisk på eit datasystem basert på 1 og 0.
  2. Kva meiner vi med data? Data er alle former for informasjon.
  3. Kva meiner vi med datateknologi? Datateknologi er digitale og tekniske system som gjer det mogleg å behandle og kommunisere data mellom digitale plattformer.
  4. Kva står bokstavane i IKT for? Informasjons- og kommunikasjonsteknologi. I daglegtale ofte kalla «datateknologi».
  5. Kva står bokstavane i IT for? Informasjonsteknologi. IKT er ein del av IT. I daglegtale ofte kalla «datateknologi».
  6. Kva meiner vi med datakriminalitet? Datakriminalitet er kriminell verksemd der datateknologi blir nytta som reiskap for den kriminelle handlinga.
  7. Kva meiner vi med datasikkerheit? Datasikkerheit er tiltak vi set i verk for å redusere eller fjerne truslar retta mot data og datasystem.
  8. Kva er eit datanettverk? Datanettverk er eit nettverkssystem som gjer det mogleg med kommunikasjon mellom datamaskinar, ofte berre kalla «nettverk».
  9. Kva er hacking? Hacking er innbrot i datasystem og datamaskinar.
  10. Kva er digital spionasje? Digital spionasje er hacking av eit datasystem for å stele data eller få kunnskap om ein konkurrent.
  11. Kva er kryptering? Kryptering er å gjere lesbare data ulesbare gjennom å bruke ein kodenøkkel. For å gjere desse data lesbare att må ein ha denne kodenøkkelen.
  12. Kva er identitetstjuveri? Identitetstjuveri er å stele personopplysningar frå ein annan og gi seg ut for å vere denne personen.
  13. Kva er skadevare (datavirus)? Skadevare (også kalla datavirus) er eit program med ein vondarta kode som kan gjere skade på maskinen.
  14. Kva er eit krypteringsvirus? Eit krypteringsvirus er ei skadevare som krypterer filene på ein datamaskin. Filene kan berre opnast att med ein kode som berre hackaren har, og du må betale pengar for å få opna dei att.
  15. Kva er adware? Adware er program som samlar informasjon om nettvanane til brukarane.
  16. Kva er spionvare? Spionvare er ikkje-godkjende program på datamaskinen som ulovleg hentar inn informasjon om deg.
  17. Kva er tenestenekt? Tenestenekt er eit målretta åtak mot eit datasystem som gjer at det ikkje er mogleg å få tilgang til informasjon eller ressursar som ligg i systemet.