Aktivitet 9.2.3 – Universell utforming

Problemløysing

Statens vegvesen har utvikla ei handbok for universell utforming av vegar og gater. Handboka inneheld også reglar for universell innreiing av transportmiddel.

Ta utgangspunkt i ei reise frå skolen din med offentleg transport til eit sentrum i nærleiken av der du bur.

Bruk rettleiaren til å finne forslag til forbetringar i utforminga av transportmateriellet og haldeplassane du reiser frå og til, ved å svare på spørsmåla nedanfor. Kapittel 8 i handboka inneheld krav til haldeplassar, kapittel 10 inneheld krav til transportmiddel.

  1. Var haldeplassane du reiste frå og kom til, lagde til rette for bruk for blinde og rullestolbrukarar?
  2. Dersom ja, korleis var tilrettelegginga? Dersom nei, kva kan gjerast for betre tilrettelegging?
  3. Var transportmiddelet du reiste med, lagt til rette for bruk for blinde og rullestolbrukarar? Dersom ja, korleis var tilrettelegginga? Dersom nei, kva kan gjerast for betre tilrettelegging?