Aktivitet 11.4.4 – Angrefrist

Problemløysing

Anne Nicolaisen får melding frå den norske nettbutikken Strawberry om at det har komme ei pakke til henne på Storesand Post i Butikk. Pakka inneheld ulike sminke- og hudpleieartiklar som ho bestilte like etter at ho fekk utbetalt feriepengane.

Men no har ho bestilt ei feriereise til Spania, og det vart dyrare enn ho hadde rekna med. Ho vel derfor å vente med å hente sendinga frå Strawberry, som ho veit vil koste 1 800 kroner, til ho er attende frå ferien. Da reknar ho med at det har komme inn meir pengar på kontoen. Ho reiser same dag til Spania og blir borte i 16 dagar.

Når ho kjem heim frå ferien, er Anne heilt blakk, og det har enno ikkje komme pengar inn på kontoen.

  1. Kan ho angre på kjøpet og returnere pakka?
  2. Etter at Anne har opna pakka, oppdagar ho at angrefristskjemaet manglar. Kor lang angrefrist har ho da?