Problemløysing
Rashida Kumar kjøpte ein genser i rein bomull i klesbutikken Pretty Fantastic for 800 kroner. Ekspeditøren opplyste at genseren var av god kvalitet. Rashida vaska han éin gong, deretter vart han strekt og stroke. Det viste seg at genseren hadde krympa mykje. Rashida tok han med til butikken og kravde å heve kjøpet fordi ho meinte at krympinga var ein vesentleg mangel.
Ekspeditøren sa at krympinga var innanfor grensa for det som er normalt med slike varer. Rashida burde ha kjøpt eit nummer større slik at det ville vere rom for normal krymping.