Aktivitet 8.2.4 – Instruks for god e-postkultur

Fordjuping

Dei fleste elevane har ei privat e-postadresse, i tillegg til eigne chatte- og meldemoglegheiter på ulike sosiale medium.

På skolen har du ei elektronisk adresse til læringsplattforma de bruker, og kanskje også ei eiga e-postadresse.

  1. Lag ein instruks for god e-postkultur for all korrespondanse du bruker i skolesamanheng.
  2. Lag ein instruks for god chatte- og meldekultur som du vil bruke i sosiale medium.

Er det stor skilnad på dei to instruksane?

Presenter resultata for kvarandre, og diskuter innhaldet. Kanskje dei beste forslaga bør hengjast opp i klassen?