Aktivitet 5.4.28 – Resultatbudsjett og likviditetsbudsjett

Fordjuping

«Style it» er ein frisørsalong som ikkje har brukt budsjett i økonomistyringa tidlegare. Kari Sørensen er økonomiansvarleg og ønskjer å lage eit budsjett fordi ho meiner dette har mange fordelar.

Omsetninga i første kvartal 2017 utan mva. var slik:

Månad januar februar mars
Omsetning i kroner utan/mva. 235 000 245 000 275 000

Kari reknar med ein auke på 10 % i omsetninga for første kvartal 2018 i forhold til same periode året før. Bedrifta reknar med ein avanse på 40 %.

Kari budsjetterer vidare med desse indirekte kostnadene for første kvartal 2018:

Budsjetterte indirekte kostnader januar februar mars
Lønn 50 000 50 000 50 000
Arbeidsgivaravgift 7 500 7 500 9 000
Husleige 8 000 8 000 8 000
Avskrivingar 3 000 3 000 3 000
Andre driftskostnader 6 500 7 000 8 500
Sum indirekte kostnader 75 000 76 200 78 500
  1. For første kvartal 2018 skal du setje opp eit resultatbudsjett for bedrifta.
    For å få betre oversikt over likviditeten vil Kari også setje opp eit likviditetsbudsjett. Men først må ho setje opp nokre delbudsjett.
    70 % av varesalet er kontantsal, og 30 % er kredittsal. Kredittida er 30 dagar. Varesalet i desember 2017 er rekna til å bli kr 280 000.
    Varekjøpet er lik varekostnaden for kvar månad. Det blir ikkje budsjettert med nokre endringar i varelageret denne perioden. Alt varekjøp er på kreditt.
    Bedrifta betaler varekjøpa sine per 30 dagar.
    Kari budsjetterer elles med desse utbetalingane for første kvartal 2018: Lønn kr 50 000 for kvar månad. Arbeidsgivaravgift kr 15 000 i januar og kr 16 500 i mars. Husleiga blir betalt i januar for januar og februar med kr 16 000, og i mars med kr 16 000 for mars og april. Skattetrekket blir betalt med kr 12 000 i januar og kr 15 000 i mars. Betalinga av renter og avdrag skjer i mars med kr 25 000. Andre driftskostnader kjem til utbetaling i januar med kr 7 500, februar kr 7 500 og mars kr 9 000. Eit dataanlegg til kr 30 000 blir betalt kontant i mars.
    Kari budsjetterer med ei likviditetsbehaldning per 1.1.2018 på kr 250 000.
  2. Set opp eit likviditetsbudsjett for 1. kvartal 2018 og kommenter likviditetsutviklinga.