Aktivitet 5.4.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva gjer ei verksemd når ein gjennomfører budsjettkontroll? Når ein har ført rekneskap for ein periode, samanliknar ein dette med budsjettet for den same perioden.
  2. Kva skal budsjettkontrollen vise? Budsjettkontrollen skal vise om ein klarte å halde budsjettet, eller om det vart avvik.
  3. Kva vil det seie at eit budsjett har avvik? Budsjettavvik har vi når rekneskapen viser eit anna resultat enn budsjettet.
  4. Kva er eit positivt avvik? Vi samanliknar rekneskapen med budsjettet post for post, både inntekter og kostnader. Dersom det har vorte høgare inntekter eller lågare kostnader enn det som var planlagt, er det positive avvik.
  5. Kva er eit negativt avvik? Dersom kontrollen viser at det har vorte høgare kostnader eller lågare inntekter enn det som var planlagt, er det negative avvik.
  6. Kva bør ei verksemd gjere dersom ein opplever negative avvik ved budsjettkontrollen? Vurdere om ein kan redusere kostnadene eller auke inntektene.
  7. Kan du nemne fordelar ei verksemd har ved å utarbeide eit budsjett?