Aktivitet 4.2.8 – Internkontroll på skolen

Diskusjon

  1. Lag ei oversiktsteikning eller eit kart som viser kvar brannslangar og brannsløkkingsapparat på skolen er.
    Tips: Undersøk med vaktmeister eller tilsvarande om det er mogleg å få ein kopi av eit oversiktskart eller ei teikning som viser kvar sikkerheitsutstyret på skolen er plassert.
  2. Ta ein sikkerheitsinspeksjonsrunde som del av ein internkontroll, og undersøk når brannslangane og brannsløkkingsapparata sist vart kontrollerte, og når dei skal sjekkast neste gong.
  3. Før funna inn i ein tabell.
  4. Lag ein skriftleg dokumentasjon på den gjennomførte sikkerheitsinspeksjonsrunden.
    Tips: Sjå innhaldet i IK-mappa i læreboka, kapittel 2 om rapportar og dokumentasjonar.