Aktivitet 7.3.5 – IA i praksis

Fordjuping

  1. Spør praksisbedrifta di i YFF om dei er ei IA-verksemd.
    1. Dersom ja, spør om du kan få ein kopi av avtalen.
    2. Spør og noter deg kva for positive resultat eller verknader dei har fått av å bli ei IA-bedrift.
    3. Presenter og samanlikn resultata for dei andre i klassen.
  2. Dersom skolen du går på, er ei IA-verksemd, spør om de kan få sjå IA-avtalen. Be om å få eit møte med rektor for å høyre kvifor skolen har ein IA-avtale, og om det har hatt nokre positive verknader for skolen.
  3. Spør foreldra dine om arbeidsplassane deira er IA-verksemder, og om dei meiner at det har hatt positive verknader eller resultat på arbeidsplassen.