Problemløysing
Nora Nilsen har bestemt seg for å gå i fjellet i sommarferien som snart står for døra. Derfor kjøper ho eit par fjellstøvlar i sportsbutikken Villmarkingen. Støvlane kosta opphavleg 2 200 kroner, men prisen er sett ned til 1 700 kroner. Ekspeditøren opplyser at prisen er sett ned i samband med ein kampanje som forretninga gjennomførte før sommarferien. Etter nokre dagar i fjellet oppdagar Nora at støvlane begynner å trekkje vatn, så dei er svært ubehagelege å gå med. Ho avsluttar derfor fjellturen éi veke tidlegare enn ho hadde planlagt. Når ho kjem heim, kontaktar ho Villmarkingen og krev å få heva kjøpet. Dessutan krev ho å få erstatning for at ferien vart éi veke kortare enn ho hadde planlagt.
Forretninga seier at det ikkje går an å heve kjøpet av ei vare som har nedsett pris. Dessutan er det ikkje grunnlag for å heve kjøpet fordi det ikkje er ein vesentleg mangel. Og erstatning kan det i alle fall ikkje bli snakk om.