Aktivitet 6.2.5 – Pakkeforsendelse

Problemløysing

Du skal sende ei pakke som veg 5 kg frå Oslo til Trondheim. Pakka skal sendast med Posten og må vere framme hos mottakaren i Trondheim seinast neste dag. Du leverer pakka på eit PIB-senter i Oslo. Pakka skal distribuerast til mottakaren, som bur i postnummersone 7010 i Trondheim. Bruk internett og finn fram til kva det vil koste å sende pakka. Gå inn på nettadressa til «Ekspress over natt» hos www.posten.no for å finne nødvendig informasjon. Deretter går du til sonetabellen for å finne pris mellom Oslo og terminalen i Trondheim. Der ser du at det er tre soner mellom Osloterminalen og Trondheimsterminalen. Gå vidare til stadregisteret. Her ser du at det er éi sone frå Trondheimsterminalen til alle som bur i postnummersone 7010. Totalt må du betale for fire soner. Frakttabellen viser at det kostar kr 659 (i 2018) å sende ei pakke på 5 kilo ekspress over natt frå Oslo til Trondheim.