Aktivitet 1.2.2 – Forretningsmodell

Fordjuping

I oppgåve 1.1.11 utarbeidde de forretningsidear for dømebedriftene.

De skal no lage ein forretningsmodell for dei tre dømebedriftene, ut frå dei forretningsideane de har valt ut.

Sjå forretningsmodellen til Matboksen UB på side 13 i læreboka. Lag ein tabell med dei same overskriftene. Lagre han som Mal forretningsmodell. Malar skal lagrast som ein mal, ikkje som eit dokument.

Bruk malen og lag forretningsmodellar for Kims Caps, Mette og Jonas og Kaffibaren. Diskuter og fyll ut i forretningsmodellane etter kvart som de blir samde. Hugs at ein forretningsmodell er dynamisk og kan endrast undervegs.

Samanlikn modellane med dei andre i klassen. Diskuter og gjer endringar slik at heile klassen jobbar ut frå den beste modellen for kvar bedrift.

Kaffibaren: I vårt heimekoselege miljø får kaffielskarar ein god kopp kaffi basert på prinsippet om rettferdig handel.