Aktivitet 5.1.9 – Det mørke nettet

Fordjuping

Oppgåva kan løysast individuelt eller to og to. Det er fullt mogleg å bruke andre kjelder enn dei som oppgåva refererer til.

  1. Les artikkelen i E24: «The dark web …» Ifølgje artikkelen kan internettet delast inn i tre delar eller sektorar. Kva sektorar er det?
  2. Artikkelen i E24 skil mellom det djupe nettet og det mørke nettet. Les også artikkelen i teknologia.no: «Hva er det mørke nettet?», og finn ut kva som er skilnaden mellom desse to sidene av internett.
  3. Les artiklane vg.no: «Slo til mot …» og vg.no: «Slik vil politiet …» eller andre kjelder som handlar om det mørke nettet og kriminell aktivitet. Kva kriminelle aktivitetar kan gå føre seg på det mørke nettet?
  4. I dei same artiklane skildrar ein korleis politiet i Noreg i samarbeid med Interpol jobbar med å komme seg på innsida av det mørke nettet. Kva kan politiet gjere med ulovlege sider og ulovleg aktivitet? Og er ein eigentleg så anonym på det mørke nettet som det er hevda?