Aktivitet 2.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva forpliktar du deg til dersom du låner pengar i ein bank? Å betale attende med renter og avdrag innan ei avtalt tid.
  2. Kva er rente? Rente er kostnaden du må betale for å låne pengar. Renta blir oppgitt som ein prosent av lånesummen.
  3. Kva er viktig å gjere når du låner pengar av familie og venner? Å skrive ein kontrakt eller eit lånebrev og avklare om det er eit lån, ei gåve eller ei investering frå den som låner deg pengar.
  4. Kva er skilnaden på kortsiktig og langsiktig gjeld? Kortsiktig gjeld må betalast attende i løpet av det nærmaste året. Langsiktig gjeld skal betalast attende i løpet av meir enn eitt år.
  5. Kva er kassekreditt? Kassekreditt er eit lån banken gir for at verksemda skal kunne betale dei løpande utgiftene.
  6. Til kva for utgifter søkjer du om langsiktig gjeld? Kontormaskinar, produksjonsutstyr, bil osv. er ting som det kostar mykje å kjøpe. Da får du ein langsiktig låneavtale med banken.
  7. Kva fordelar gir langsiktig gjeld? Fordelane er lengre nedbetalingstid og lågare rente.
  8. Kva er ein investor? Ein person eller ei verksemd som hjelper deg med finansieringa ved å investere pengar i verksemda di.
  9. Kva andre finansieringskjelder finst i tillegg til bankane? Forsikringsselskap, kredittforeiningar og finansieringsselskap.
  10. Kva er ein sponsor? Ein person eller ei verksemd som ønskjer å bli assosiert med verksemda di og produktet ditt.
  11. Kva kan ein sponsor krevje til gjengjeld? Det kan vere at du viser logoen eller namnet til sponsoren i ulike samanhengar, at sponsoren i annonsane sine får bruke logoen din og fortelje at dei er sponsoren din, eller at dei har eit krav om at verksemda di skal framstå som miljøbevisst og med klare verdiar.
  12. Kven kan du søkje råd hos når det gjeld finansiering? Innovasjon Noreg, din eigen kommune.
  13. Kvifor er det lurt å gjere grundige vurderingar når du skal velje finansieringsform? Fordi økonomi er viktig og kan få store konsekvensar dersom det går gale.
  14. Kva omsyn må du ta når du skal velje finansieringsform? Du må ha god oversikt over kva du treng av anleggsmiddel og omløpsmiddel, dvs. kapitalbehovet. Du må vite fordelar og ulemper ved val av selskapsform.
  15. Kva risikerer du dersom du bruker sparepengane dine når du etablerer ei verksemd? Du kan tape alt.
  16. Kva fordelar gir det dersom du bruker sparepengane dine? Det verkar som om du har stor tru på ideen din. Bankane krev ofte at du har ein viss storleik på eigenkapitalen som sikkerheit for å gi deg lån.
  17. Kva må ungdomsbedrifter avklare med partshavarane ved sal av partar (andelar)? Dei må avklare
    1. om partshavarane skal ha attende pengane sine
    2. om dei vil ha noko av eit eventuelt overskot
    3. om dei går med på å gi noko av overskotet til eit samfunnsgagnleg formål
    4. om ungdomsbedrifta kan disponere overskotet fritt