Aktivitet 2.2.5 – Markedskommunikasjon

Problemløysing

Adams Matkasse (www.adamsmatkasse.no) tilbyr levering av middagspakker, det vil seie ferdigpakka kasser med ulike matvarer som skal til for å lage middag for to eller fleire personar. Saman med pakka, som blir levert på døra, følgjer det oppskrifter. Dei som ønskjer å nytte seg av tenesta, teiknar eit abonnement.

Prisen er avhengig av kor ofte ein ønskjer levering av middagspakkene, og kor mange personar det er i familien, altså kor store pakkene skal vere.

Fordelen for abonnentane er at dei slepp å tenkje ut kva dei skal ha til middag, og korleis dei skal lage han. Dei slepp dessutan å reise til matvarebutikken for å handle.

Kva for salsargument ville du bruke dersom du skulle marknadsføre Adams Matkasse?