Aktivitet 7.1.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein organisasjon? Ein organisasjon er ei gruppe menneske som jobbar saman mot eit felles mål.
  2. Kva er ein organisasjonsplan? Det er ei oversikt over fordelinga av arbeidsoppgåver, myndigheit og ansvar i ein verksemd.
  3. Kva betyr hierarki? Det betyr rangordning.
  4. Kva legg du i omgrepet myndigheit? Myndigheit er retten til å ta avgjerder og gi ordrar.
  5. Kva legg du i omgrepet ansvar? Ansvar er ei plikt til å sørgje for at visse arbeidsoppgåver blir utførte.
  6. Kva fortel kommandolinjer deg? Dei fortel kven som har myndigheit over kven.
  7. Kva fortel ein organisasjonsplan deg? Han fortel deg korleis arbeidsfordelinga er i organisasjonen, og kva spesialområde kvar tilsett høyrer inn under.
  8. Kva er grunntanken bak arbeidsdeling? Det er at når personar gjer det dei har best føresetnad for, blir resultatet best.
  9. Kva fordelar har arbeidsdeling? Kvar og ein blir flinkare i den jobben dei gjer.
  10. Kva ulemper har arbeidsdeling? Jobben kan opplevast einsidig og lite utviklande. Kvar tilsett lærer lite om kva dei andre jobbar med. Det kan vere vanskeleg å overlappe kvarandre ved sjukdom og i feriar.