Aktivitet 6.4.11 – Balanseoppsett

Fordjuping

Frank Nilsen startar sal av eit produkt og opprettar eiga bedrift 1. august 2018. I samband med oppstarten skyt han inn kr 100 000. Desse pengane kan han bruke til å kjøpe inn eigedelar.

  1. Frank kjøper inn hyller og reolar for kr 20 000. Resten set han i banken.
    1. Fyll ut i oppsettet:
      Balanse pr 01.08.18
      Eigedelar:                             Gjeld og eigenkapital:
       
       
       
       
       
    2. Kor mykje set Frank i banken?
    3. Kor stor er eigenkapitalen til Frank?
  2. I september finn Frank ut at han treng ein bil for å få levert varer. Han kjøper bilen for kr 50 000.
    1. Fyll ut i oppsettet:
      Balanse pr 01.08.18
      Eigedelar:                             Gjeld og eigenkapital:
       
       
       
       
       
    2. Kva innverknad har dette på oppsettet ditt?
    3. Kor stor er eigenkapitalen til Frank no?