Aktivitet 6.3.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Nemn døme på tiltak som styresmaktene har sett i verk for å verne om helsa til yrkessjåførane. Eit døme er lovregulering av køyre- og kviletid for yrkessjåførar og offentleg kontroll av at arbeidsgivarar, oppdragsgivarar og yrkessjåførar held reglane.
  2. Er det transportkjøparen eller transportseljaren som er ansvarleg for at eit transportoppdrag kan gjennomførast innanfor ramma av køyre- og kviletidsreglane? Begge partane er ansvarlege.
  3. Gi døme på fornybare energikjelder. Døme på fornybare energikjelder er solkraft, vindkraft, bølgjekraft og vasskraft.
  4. Kva typar køyretøy har vi i dag som er basert på fornybare energikjelder? I dag har vi elbilar og hydrogenbilar.
  5. Kva er ein HMS-attest? Ein HMS-attest dokumenterer at verksemda følgjer gjeldande krav frå styresmaktene. Attesten blir skriven ut av firma som er autoriserte til å skrive ut slike attestar.
  6. Ei bedrift har skaffa seg eit ISO 14001-sertifikat. Kva seier dette sertifikatet om bedrifta? Eit ISO 14001-sertifikat viser at verksemda har eit heilskapleg miljøstyringssystem som sikrar forsvarleg avfallsbehandling, og har rutinar for å redusere utslepp til jord, luft og vatn.
  7. Kvifor er hydrogen ein energiberar og ikkje ei energikjelde? Vasskraft, bølgjekraft, solkraft og vindkraft er energikjelder. Batteri, demningar og hydrogen kan lagre energi til vi har bruk for han, men ikkje produsere energi, derfor kallar vi dei energiberarar.
  8. Kvifor er det viktig at vi legg til rette for alternativ til motorisert transport? Motorisert transport er i all hovudsak basert på fossil energi og bidreg til klimautslepp, som igjen fører til global oppvarming. Overgang til fornybare energikjelder er derfor viktig. Samstundes er vegkapasiteten i dei største byområda våre fullt utnytta i rushperiodane. Ein ytterlegare vekst i biltrafikken er lite berekraftig. Omlegging til mindre energi- og arealkrevjande transportformer er derfor heilt nødvendig. Her er tiltak som utbygging av gang-og sykkelvegar og kollektive transportformer viktige. Tilrettelegging for gang- og sykkeltransport har også ein gunstig helseeffekt. Når fleire syklar, går eller reiser kollektivt, får vi mindre klimautslepp og mindre helseskadeleg svevestøv.
  9. Kvifor er batteriteknologi dårleg eigna ved tungtransport over lengre avstandar? For det første vil vekta av batteria bidra til å redusere nyttelasta til tungbilane. For det andre må batteria ladast med jamne mellomrom, noko som er både tids- og ressurskrevjande slik situasjonen er no.