Nemn døme på ulike reiselivsprodukt.
Døme på reiselivsprodukt er overnatting, servering, transport, attraksjonar og opplevingar.
Forklar omgrepet «det heilskaplege reiselivsproduktet».
Reiselivsprodukta overnatting, servering, transport, attraksjonar og opplevingar utgjer til saman eit heilskapleg reiselivsprodukt når dei fungerer som ein heilskap.
Kva meiner vi når vi seier at transporten er målet, og kva meiner vi når vi seier at reisa er målet?
Ved korte reiser til og frå skole, arbeid eller innkjøp er ikkje sjølve reisa målet. Da tek vi ikkje omsyn til dei spesielle ønska og forventningane kundane har, men tilbyr eit einskapleg produkt til alle.
Ved lengre reiser (til dømes feriereiser) er sjølve reisa målet, og vi må planleggje for å ta omsyn til dei spesielle krava kundane ønskjer og forventar.
Kva typar verksemder inngår i reiselivsnæringa?
Overnattingsverksemder som til dømes hotell, motell, campingplassar, vandreheimar, Airbnb, B&B (Bed and Breakfast).
Serveringsverksemder som til dømes restaurantar, kafear, servicehandelsverksemder (ligg ofte i trafikkerte knutepunkt og tilbyr fastfood).
Transportverksemder som til dømes flyselskap, togselskap, reiarlag som driv passasjertransport, turbusselskap, bussruteselskap, taxiverksemder.
Verksemder som tilbyr opplevingar og attraksjonar, til dømes museum, fornøyelsesparkar, attraksjonar, guida villmarksturar, vinsmaking og byvandring.
Forklar kva destinasjonsutvikling er.
Destinasjonsutvikling er samarbeid mellom private reiselivsbedrifter og offentlege verksemder om å utvikle reiselivsprodukt innanfor ein destinasjon.
Kva for tre faktorar må vi ta omsyn til når vi skal planleggje ei reise for ein kunde?
Kva kunden ønskjer og forventar, kva for eit regelverk som gjeld, og beredskapstiltak.
Kva har alle reisande forventningar til?
Informasjon (før og under reisa), servicemedarbeidarane, transportmateriellet.
Kva er ei pakkereise?
I pakkereiselova § 2.1 står det at ei pakkereise er eit reiselivsprodukt som varer i meir enn 24 timar eller omfattar overnatting som blir seld og marknadsført til ein samla pris, og som inneheld minst to av desse elementa:
transport
innkvartering/overnatting som ikkje berre må reknast som eit ledd i ei transportteneste
andre turisttenester som utgjer ein vesentleg del av arrangementet, men som ikkje er direkte knytte til transport eller innkvartering
Kvifor trur du at mange reiselivsmedarbeidarar har uniformsplikt?
For det første signaliserer uniforma kven som har rolla som servicemedarbeidar, og kven kundane kan vende seg til. For det andre gir uniforma ein viss autoritet. For det tredje bidreg uniforma til å profilere servicebedrifta.
Forklar korleis du vil gå fram for å avklare ønske og forventningar som ulike kundar har når dei skal ut på ei reise der reisa er målet.
Du må avklare kva behov kundane har gjennom å stille opne spørsmål. For å kunne skreddarsy ei reise for kundane må du vite litt om
kven skal reise?
kva er målet med reisa?
kva interesser har dei som skal reise?
kva er rammene for reisa?
Gi døme på menneskeskapte opplevingar og naturskapte opplevingar.
Konsertar, kinobesøk og andre arrangement er døme på menneskeskapte opplevingar. Kvalsafari i Nord-Noreg eller tur til Preikestolen er naturskapte opplevingar.
Forklar kva hovudoppgåver eit destinasjonsselskap har.
Eit destinasjonsselskap skal marknadsføre og informere om reiselivsprodukt innanfor ein destinasjon som turistar kan kombinere til heilskaplege reiselivsprodukt. For å nå ut til potensielle kundar bruker destinasjonsselskapa internett. Eit destinasjonsselskap driv også destinasjonsutvikling.
Kva for tre typar krav må vi oppfylle for at reiselivskundar skal bli fornøgde?
Vi må oppfylle ønska og forventningane kundane har (kundekrav – må kartleggjast). Vi må følgje regelverket til styresmaktene (myndigheitskrav – må kartleggjast). Beredskapskrav (tiltak om noko uventa skulle skje – må kartleggjast, jf. det du har lært om risikoanalyse og risikovurdering).
Kva meiner vi med den tekniske kvaliteten og den funksjonelle kvaliteten på ein busstransport?
Den tekniske kvaliteten inneber at alt teknisk som skal fungere på bussen, verkeleg fungerer, og at bussen har den tekniske standarden som kundane forventar. Den funksjonelle kvaliteten er korleis dei som møter kundane, opptrer i dette møtet.
Kva bør ein servicemedarbeidar prøve å registrere i det første møtet sitt med personar som skal ut å reise?
Her er det viktig å registrere om ein passasjer har spesielle behov, slik at det kan takast omsyn til dette under reisa. Døme på spesielle behov kan vere behov for hjelp for rullestolbrukarar, blinde, eldre, høyrslesvekte, passasjerar med barnevogn, passasjerar med psykiske lidingar (bør gjerne plasserast nær servicepersonell slik at desse kan hjelpe til ved behov undervegs).