Aktivitet 1.1.13 – Grundere

Fordjuping

Bruk internett og finn fram til nokre unge gründerar. Du kan til dømes søkje på «Unge gründere med suksess» eller «DN Gründer».

Finn ut kva ideen deira var, korleis dei kom i gang, og korleis det har gått (utfordringar, konkurs, problem, suksess).

Presenter for kvarandre og diskuter i etterkant av presentasjonane

  • kvifor det vart ein suksess/konkurs
  • kva kunne ha vore gjort annleis
  • korleis ideane kan utviklast vidare