Diskusjon
Tenk deg at mobilen din har vorte borte, og du oppdagar at nokon bruker han. Det er ei uønskt hending at mobilen blir stolen.
- Kva kan skje dersom mobilen din blir stolen (konsekvensar)?
- Korleis vil du oppleve å miste mobilen din? Er det ei alvorlig hending for deg (konsekvensnivå)?
- Kor stor sjanse meiner du det er for at mobilen din skal bli stolen (sannsynsnivå)?
- Kor stor risiko (sannsyn x konsekvens) meiner du at mobilen din er utsett for?
- Kva gjer du for at mobilen din ikkje skal bli stolen?
- Dersom du oppdagar at mobilen din er stolen, kva vil du gjere for å redusere konsekvensane?