Aktivitet 1.2.1 – Test deg selv

Omgrepstesting

  1. Kva er ein forretningsmodell? Ein forretningsmodell gjer greie for korleis ei verksemd skal skape og levere verdiar, og korleis verksemda skal tene pengar på verdiskapinga.
  2. Kva kan du bruke ein forretningsmodell til? Forretningsmodellen kan du bruke til å få oversikt over korleis verksemda di skal arbeide for å nå ut til kunden. Denne modellen skal vere ein praktisk reiskap i det daglege arbeidet.
  3. Kva er eit verdiløfte? Verdiløftet seier noko om dei verdiane verksemda skal skape for kundane sine, dvs. kva behov som skal dekkjast.
  4. Kva er verdiløftet til Matboksen UB? Verdiløftet til Matboksen UB er: eit miljøvennleg produkt, sunne matvanar, halde ved lag matpakketradisjonen
  5. Kva er elementa i ein forretningsmodell?

    Elementa i ein forretningsmodell skal gi svar på desse spørsmåla:

    • Kven blir kundane dine?
    • Kva behov skal du dekkje / problem skal du løyse?
    • Kva verdiar gir du kundane?
    • Kva gjer produktet unikt?
    • Korleis skal du selje?
    • Korleis skal du ta betalt?
    • Kva for kostnader skal du dekkje?
    • Kven kan hjelpe deg?
  6. Kva er ein mentor? Ein mentor er ein utanforståande som har den kunnskapen som trengst for å rettleie andre. Ein mentor for ei ungdomsbedrift skal først og fremst gi råd om framdrifta og utviklinga i bedrifta.
  7. Kva meiner vi når vi seier at ein forretningsmodell er dynamisk? Det vil seie at modellen kan endrast på undervegs, ingen ting er fast og uforanderleg.
  8. Kva er Innovasjon Noreg? Innovasjon Noreg er eit statleg selskap stifta i 2003. Formålet med Innovasjon Noreg er å bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter.
  9. Kva er ein handlingsplan? Ein handlingsplan er ei oversikt over arbeidsoppgåver som må gjerast for å få god framdrift i verksemda.
  10. Kvifor er det viktig å setje tidsrammer i handlingsplanen? Når verksemder set tidsrammer, får dei både fortgang og framdrift i handlingane dei skal utføre, samstundes som det er ein kontroll på at ting er i rute.
  11. Kvifor lagar mange ein forretningsplan? Ein forretningsplan lagar ein for å planleggje etableringa av ei verksemd. Ein bruker forretningsplanen når ein skal søkje lån i banken eller søkje andre om økonomisk støtte. Denne planen er også nyttig når ein skal få andre verksemder til å levere varer til deg (leverandørar), tilsetje folk eller be andre med kompetanse og fagkunnskap om hjelp.
  12. Kva for moment er det viktigast å ha med i ein forretningsplan? Dei viktigaste momenta i ein forretningsplan er: forretningsidé, marknadsplan, organisering, økonomi og handlingsplan.
  13. Kva er ein visjon? Ein visjon speler på draumar og kjensler. Visjonen skal seie noko om kva verksemda står for, og kven ho er til for, og skal samstundes gi eit uttrykk for kva verksemda ønskjer å bli, oppnå og skape.
  14. Kva inneber omgrepet organisering i ein forretningsplan? Organisering inneber lokale, innreiing og utstyr. I tillegg er arbeidsfordeling også ein viktig del av organiseringa.