Aktivitet 2.1.4 – Tre forretningsideer
- Transportselskapet Torghatten seier dette om seg sjølv på nettsidene sine:
«Torghatten ASA har i alle år vært et konkurranseinnstilt konsern, med fokus på allsidig virksomhet i et langsiktig perspektiv. Gjennom et bredt utdanningstilbud, god ledelse og solid lokal forankring i våre datterselskaper har vi det som skal til for å lykkes også i fremtiden.» Prøv å gjere om denne utgreiinga til ein kort presentasjon som inneheld krava til ein god forretningsidé. Torghatten ASA er eit av dei største transportkonserna i landet med ei årleg omsetning på rundt 9,3 milliardar kroner og om lag 7 000 tilsette. Hovudverksemda er innanfor transport på sjø, på land og i lufta – fordelt på ruter for ferje, hurtigbåt, buss og flytrafikk i heile Noreg. I tillegg har konsernet fleire verksemder som er knytte til verkstad, reisebyrå og eigedom.
- engelske fotballklubben Chelsea har denne forretningsideen (dei kallar det rett nok mission/statement, men vi føreset at det gjeld som forretningsidé): «The Chelsea Soccer Club (CSC) exists to promote soccer at all levels within the Chelsea area. The club will help educate, develop and promote soccer throughout various soccer programs within the community. The club will encourage good sportsmanship amongst players, coaches, officials, parents and fans.»
Kva for målgrupper er nemnde i forretningsideen, og kva er «produktet» klubben har?
- Prøv om du kan lage ein forretningsidé til «Cafébilen Anne på landet».
På twitter.com/cafebilenfinn du informasjonen du treng for å utforme denne forretningsideen.