Problemløysing
Du er meir enn gjennomsnittleg interessert i foto og film og går med planar om å etablere og/eller drive din eigen butikk (både ein fysisk butikk og ein nettbutikk).
Men det er mykje å tenkje på, mellom anna kvar butikken skal plasserast, eller om han berre skal vere tilgjengeleg på internett. Og kva med samarbeid med andre butikkar eller leverandørar? Oppgåva di blir no å gjere greie for butikksatsinga di. Ver så konkret som mogleg i forslaget ditt, og grunngi svara dine. Bruk eigne føresetnader der det er nødvendig.