Mystery shoppers

Mystery shoppers er personar som besøkjer restaurantar, butikkar og andre stader og testar kvaliteten på produkt, service og miljø og samanliknar prisar. Mystery shoppers gir seg ikkje til kjenne, slik at seljaren eller servicemedarbeidaren trur at dei er vanlege kundar.

Nokre mystery shoppers jobbar for leiinga av til dømes ei kjede for å teste korleis medarbeidarane i dei ulike kjedebutikkane eller kjederestaurantane jobbar, mens andre er journalistar frå aviser og vekeblad.

I seksjonen «Oslo by» kjem Aftenposten med jamlege meldingar på restaurantar o.l. i Oslo, der dei gir karakterar for miljø, meny, mat, service og pris. I ei melding 12. juli skreiv ein mystery shopper som kalla seg «Smørbukk», at Burgerhouse hadde dei dårlegaste burgarane i heile byen. Både Bun’s Burger Bar, Burger Joint, Illegal burger, Døgnvill burger, Munchies, Wünderburger og Burger Bar var betre. Burgarane på Burgerhouse heldt ikkje mål, og tilhøyrande pommes frites var bleike og høyrde ikkje heime på ein burgarrestaurant, ifølgje «Smørbukk». Han hadde ikkje så mykje bra å seie om miljøet og servicen heller. Restauranten fekk 16 poeng av 30 moglege.

Ein omtale som dette er ikkje særleg god reklame, så det gjeld å leggje seg i selen for å gi kundane det aller beste både av produkt og service. Ein veit aldri når neste mystery shopper dukkar opp.