Aktivitet 5.3.3 – Vurdering av sikkerhet hos Fiskomat

Diskusjon

I læreboka ser vi i 5.5 Datasikkerheit hos Fiskomat at dei kjem fram til at sikkerheita for verdien datafiler i dag er dårleg, og at risikonivået er raudt. Diskuter to og to problemstillingane nedanfor, og noter det som de kjem fram til. Også dersom de er usamde, må de argumentere for kvifor de er usamde.

For risikovurderingsfasen:

  1. Er de samde i rekkjefølgja av konsekvensane som den uønskte hendinga kan føre til?
  2. Er de samde i at sannsynsnivået er på eit høgt (raudt) nivå?
  3. Er de samde i at konsekvensnivået er på eit høgt (raudt) nivå?
  4. Dersom de er usamde i påstandane i b) og/eller c) ovanfor, kva nivå meiner de dette er, og kva blir i så fall risikonivået?

For tiltaksfasen:

  1. Er de samde om tiltaka slik dei kjem fram i tiltaksfasen?
  2. Er det andre tiltak de meiner også kan vere nyttige å innføre?
  3. Kva for eit nivå skal risikonivået vere på etter at tiltaka er innførte?

For oppfølgingsfasen:

  1. Kvifor er det viktig at tiltaka ovanfor faktisk blir sjekka?
  2. Kva ville de ha gjort med eit tiltak som ikkje ser ut til å verke, det vil seie at risikoen ikkje er på eit lågt/grønt nivå?