Aktivitet 8.3.7 – Suksesskriterier for nettbutikker

Problemløysing

Ehandel.no har sett opp ei liste på ti punkt som fungerer som suksesskriterium for nettbutikkar:

  • førsteinntrykk
  • synlegheit
  • brukarvennlegheit
  • kjøpsprosess
  • teknologi/fart
  • kundetilfredsheit
  • tryggleik
  • kundekommunikasjon
  • prisar og utmerkingar
  • konsept og strategi

For utfyllande informasjon om desse punkta kan du lese bloggen til Cecilie Henriksen, ceciliehenriksen.com.

Oppgåva di er å velje to konkurrerande nettbutikkar. Gå gjennom alle dei ti punkta, og gi kvart av punkta ein skår frå 1 til 6, der 6 er svært godt og 1 elendig eller ikkje til stades. Summer poengsummane og finn ut kva for ein nettbutikk som er best!