Aktivitet 5.2.3 – Huskeregler for gode reklameplakater

Diskusjon

I læreboka står det nokre hugsereglar du kan bruke når du lagar reklameplakatar og liknande (side 72). Diskuter kvart av punkta nedanfor ut frå påstandane i læreboka. Forklar kvifor de er samde eller usamde i påstandane i boka. Bruk gjerne praktiske døme i grunngivinga. Ta eigne føresetnader dersom det er nødvendig.

  1. Det er enklare å lage plakatar i svart-kvitt enn i fargar.
  2. Ikkje ha for mykje tekst.
  3. Eit godt bilete kan seie meir enn tusen ord, men eit dårleg bilete er verre enn ingen bilete.
  4. Bodskapen må vere eintydig og enkel.